Løpetur Tønsberg-Lærdal
Rune Solheim Sem Personlige innsamlinger

Løpetur Tønsberg-Lærdal

Då har Tottenham sikra topp4-plassering i årets Premier League og planlegginga av løpetur Tønsberg-Lærdal har starta. Planen er å starta frå Sem, Vestfold, laurdag 6.juli. Ruta og tidsbruken vert nærmare informert om etterkvart, men eg har ikkje planar om å bruka heile ferien på dette. Legg ved opprinnelege starten på dette "veddemålet" (frå Facebook), for dei som ikkje har fått med seg grunnen til løpeturen: Rune Solheim 10. august 2018 I eit augeblikk av desperasjon og negativitet over favorittklubben sine prestasjonar på transfermarkedet i sommar, la eg ut dette på eit Tottenham-forum i går: «Dette er einaste tidspunktet Tottenham ligg i nærleiken av tabelltoppen i 2018/2019. Eg skal springa Tønsberg (der eg bur)-Lærdal (der eg kjem frå) dersom Tottenham vert topp4 eller vinn eit trofé komande sesong. Nokon som donera 331kr (løpeturen er 331km) i mot? Pengane går til eit veldedig formål-Aktiv Mot Kreft PS! Det er lov å spre/dela innlegget. Eg reknar med at alle som likar innlegget er med 😉» Foreløpig ligg det an til ein del pengar til Helle Aanesen og Aktiv Mot Kreft neste vår dersom klubben i mitt hjarta ikkje leverar pokal eller topp4. Aktiv Mot Kreft gjere ein fantastisk jobb så derfor delar eg innlegget også her. Eg skal med glede springa Tønsberg-Lærdal dersom sesongen vert bra, men fint om fleire donera i motsatt tilfelle.

Innsamlet beløp:
Mål: 33 100 kr
Periode:
18.05.2019 31.10.2019

Aktivitet

Donasjoner:

Siste donasjoner

{{don.Amount | number:0}} kr
{{don.Name}}
{{don.Message}}
Løpetur Tønsberg-Lærdal
Rune Solheim
{{don.MessageAnswer}}
Der er ingen som har donert til denne innsamlingen ennå.
Your browser is out-of-date!

Update your browser to view this website correctly. Update my browser now

Close