Spring for AKTIV MOT KREFT
Aud Elisabeth Stuhr Fosstveitvegen 45, 4200 Sauda Personlige innsamlinger

Spring for AKTIV MOT KREFT

Eg elskar å springa og har sidan 2015 vore ein aktiv ultraløpar. Det har blitt mange timar og mil med joggeskoa på, og etter planen skulle eg avslutte innsamlinga med Bislett 24 timersløp helga 24-26. Men slik skulle det ikkje bli og difor har eg forlenga innsamlingsaksjonen min til også å gjelde 2018, kor planen er å avslutte den med New York maraton i 2018. Her får eg ein god anledning til å springa for ei god sak, nemleg AKTIV MOT KREFT. Engasjemanget mitt for kreftsaka fekk eg etter at vi i desember 2016 fekk den vonde beskjeden om at mamma hadde fått påvist kreft. Det var ein tung beskjed å svelge, og lenge var det heile som ein vond draum. Men det var diverre virkeligheit, og som familie måtte vi berre akseptere at slik var det. Så langt har det heldigvis gått veldig fint , og mamma responderer fint på behandlinga ho får. Vi tar ein dag om gongen, og heile tida har det vore veldig viktig for meg å fokusera på LIVET, vera på offensiven og gleda seg over at ting fungerer bra her og nå. Den gode hjelpa og oppfølginga mamma og mange kreftsjuke får er så livsviktig for at ein skal kunne leva og ha ein grei livskvalitet, trass i sjukdommen. Sjølv om me bur i eit godt velfungerande land, ja eit av dei beste i verda så trengst der stadig fleire og nye midlar for å betre behandlingsmuligheitene og kunnskapen rundt kreft. Eg vil difor bli takknemeleg og kjempeglad om DU vil vera med å støtta innsamlingsaksjonen min, så eg kan nå målet om å samle inn 50.000 kr til kreftsaka innan 05.11.2018 Ultrahelsing fra Aud Elisabeth

Innsamlet beløp:
Mål: 50 000 kr
Periode:
20.08.2017 05.11.2018

Aktivitet

Donasjoner:

Siste donasjoner

{{don.Amount | number:0}} kr
{{don.Name}}
{{don.Message}}
Spring for AKTIV MOT KREFT
Aud Elisabeth Stuhr
{{don.MessageAnswer}}
Der er ingen som har donert til denne innsamlingen ennå.
Your browser is out-of-date!

Update your browser to view this website correctly. Update my browser now

Close